• Byggmix (map)
  • 17 Inge Krokanns veg
  • Trøndelag, 7340
  • Norge

Vi ønskjer alle velkommen til pilegrimsvandring den 22. juli

Oppmøte kl. 10.00 ved Byggmix, Oppdal der vi køyrer med minibuss og privatbilar. Det er først til mølla for minibuss, når den er full, blir det personbilar. Vi reknar med å være attende i Oppdal kl. 16.00

 

11.00-15.00: Pilegrimsvandring i Rennebu; Stamnan – Voll (ca 5 km)

Start for vandringa ved Stamnan og endepunkt ved Rennebu kyrkje på Voll

  • Besøk i  Gammelbua.

  • Omvisning i Rennebu kyrkje på Voll

  • Ta med eigen mat og drikke til turen

 

Joar Fjellstad blir med som guide. Vandringa går frå Jutulstuggu på Stamnan via  Hovengløkkja og fram til Gammelbua og Rennebu kirke. Dette er ei vandring på ca 5 km med om lag 2 timars roleg vandring. Det blir ein kort rast  ved Våttån / Hovengløkkja der er etablert ein rasteplass, så ta med niste. Her kan vi og sjå nokre gravhaugar frå utgamal tid.. Vi nyt utsikta over Vollagrenda under matrasten før vi går vidare til den erverdige gamle kyrkja på Voll der det blir omvisning ved Joar Fjellstad. Det blir og høve til å innom Gammelbua som ligg rett ved kyrkja. Vandringa med omvisning og stopp tar ca fire timar før bussavgang attende til Oppdal kl 15.00 (framme ca kl 16.00).

OBS: Ved Hovengløkkja er det etablert ein rasteplass, så ta med niste. 

 

Påmelding til vår leder; Inger Helen Ishoel Olsen på tlf: 95025431

Betaling buss: 200 kr: kontakt ved oppmøte eller vipps til: 91644172 (kasserar Heidi)

Arr: Pilegrimsfellesskapet St Olav Oppdal i samarbeid med Pilegrimsutvalet i Oppdal