Fotosamlinga gjev ein liten glimt av pilegrimstradisjonen etter ”Olavsarven” i Oppdal i tillegg til gamle foto og teikningar av kyrkjene i Oppdal. Mellom anna er nokre detaljar frå gamalt inventar representert. Billetmaterialet i den historiske fotoutstillinga er for ein stor del henta frå historielaget sine årbøker i tillegg til foto frå Digitalt museum og frå privat eige.
Temahefte med sertrykk av tre artiklar frå Oppdal historielag sine årbøker og nokre foto/plakatar blir i tillegg lagt ut til informasjon og sal.
Under opninga blir det eit foredrag om historiske minne etter Stavåkyrkja og orientering om nye arkeologiske regisreringar på Lo. Det blir og eit musikalsk inslag av to unge utøvarar frå Oppdal kulturforum, sjå informasjon om opninga 11. juli.
Toppbilde: Ellen C. Holte.